Reform av partilova

I eit brev til statsråden, med kopi til dei politiske partia, viser nemnda til at parti- og demokratifinansieringa har endra seg dramatisk sidan partilova vart vedteken for 20 år sidan.

Praksis har mellom anna avdekka moglegheiter til å skjule støtte gjennom aksjonsgrupper mm., annonser og kampanjar. Det er behov for betre reglar om kandidatstøtte, støtte til folkevalde grupper og kontroll med at lova vert følgd. Nye medium har endra verkemåten til demokratiet, og finansiering av politisk påverknad utanom partia fell utanfor lova. Intensjonen om openheit og tillit gjer det derfor nødvendig å ta lova opp til revisjon.

Du kan lese brevet her.

Vedlegg til brevet: 

Vedlegg 1 - Partilovnemndas brev 17. november 2021 til stortingspartiene

Vedlegg 2 - Svar fra Ap, FrP, Høyre, MDG og Rødt

Vedlegg 3 - Brev 4.oktober 2023 fra FrP og 16.november 2023 fra Høyre

Publisert 18.12.2023