Partilovnenmda har sendt ut 102 varselbrev til ulike partilag

Partilovenmneda har sendt ut varselbrev til 72 aktive partilag og 30 partilag som sannsynleg er nedlagde. I alt er det sendt ut 102 varselbrev til ulike partilag.

Dei politiske partia er pålagde å rapportere til Statistisk Sentralbyrå om inntektene sine innan 1. juli kvart år. Etter dennne datoen sender SSB rapport til Partilovnemnda om dei partia som ikkje har rapportert. Partilovemnda sender ut varselbrev til desse partilaga slik at dei får høve til å uttale seg. Avhengig av svaret vert saka henlagt eller det vert fatta vedtak om tilbakehold av tilskot for 2011. Denne saksbehandlinga pågår no.

Varselbrev til aktive lag - utsendt oktober 2010
Varselbrev til nedlagte lag - utsendt oktober 2010

Publisert 16.11.2010