Partilovnemnda

Partilovnemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan som ikkje kan instruerast om utøving av myndigheit i enkeltsaker. Kongen og departementet kan heller ikkje gjere om nemnda sine vedtak, men har administrativt ansvar for verksemda.

Partilovnemnda skal bidra til openheit om finansieringa av dei politiske partia ved å

  • kontrollere at partia følgjer reglane om rekneskapsføring, finansiering og rapportering mm. i partilova 17. juni 2005 nr. 102 
  • gje generelle uttaler om tolkinga av lova
  • vedta forvaltningssanksjonar når reglane ikkje er følgde
  • avgjere klager på vedtak om registrering i Partiregisteret, og om tildeling av partistøtte.

Kongen oppnemner medlemmane av nemnda for seks år om gongen. Leiaren skal ha dommarkompetanse, medan tre medlemmer vert oppnemnde etter forslag frå ulike politiske parti. Nemnda kan treffe vedtak når minst to tredelar av medlemmane, inkludert leiaren, deltek.

Partilovnemnda sine medlemmer:

  • Professor Eivind Smith (Oslo) – leiar
  • Avdelingsdirektør Hege Fjellheim (Karasjok)
  • Professor Elisabeth Ivarsflaten (Bergen)
  • Lars Arne Ryssdal (Asker)
  • Geir Helge Sandsmark (Halden)
  • Anne Tingelstad Wøien (Gran)